Sandøy Kvinne- og familielag

Søker nye medlemmer
Sandøy kvinne- og familielag
Frå venstre bak: Ingrid Sandøy, Gunnfrid Sandøy, Oddhild Sandøy. Framme: Mari Ann Sandøy Iversen, Ragnhild Sandøy, Herdis Sandøy.

Sandøy Kvinne- og familielag

Leiar: Ingrid Sandøy - tlf ?

Laget vart stifta i 1960 og var då tilslutta Norges Husmorforbund. Forbundet vårt har no eit anna namn: Norges Kvinne- og familieforbund.
Sandøy Kvinne- og familielag har no seks medlemmar.

Oppgåver

Av oppgåver i tillegg til å arbeide fram gode saker for kvinner og familie i nærmiljøet og på landsbasis, så har laget vårt frå starten hatt ansvar for planting og vedlikehald av blomsterbeda ved kyrkja.  I dette arbeidet skulle me gjerne fått med fleire medlemar og/ eller frivillige personar. Laget vårt har også hatt tradisjon med å lage rømmegraut for sal på Forsamlingshuset Kringsjå. Grautsalet har skaffa inntekta til laget, og me har då hatt samarbeid med styret for Kringsjå, slik at det også har vore basar til inntekt for huset. Slike arrangement har me hatt omkring jonsok, gjerne ein laurdag.

Sidan corona kom til landet har det vore pause i alt slikt som skal samle folket, både innomhus og utandørs.

Me ønskjer oss fleire medlemar. Alle er velkomne til lagsmøte våre. Møta har me som oftast heime hos medlemane, og dette går på omgang.  Dei siste åra har me hatt ca. fem/seks møte pr.år i tillegg til dugnadsarbeid rundt kyrkja.